Smalahove til folket


Smalahove til folket

Kampanje: Øyving Lending og Fanni Balatoni frå Solundmat har produsert 7000 smalahove som akkurat no er å få kjøpt i Coop Vest sine butikkar. Foto: Solundmat

Det som for nokon er delikatesse og kjære matminner frå barndommen, er for andre det mest bisarre ein kan ete. Retten Øyvind frå Solundmat set på menyen i oktober er ikkje for matpyser. Tradisjonsretten frå Vestlandet er spesielt populær på Voss, og då er det gjerne ikkje så rart at den vert rekna som matfatets ekstremsport. Heldigvis for Øyvind og Solundmat er det mange som tør å smake på smalahove.

— Vi starta produksjon av smalahove nettopp på grunn av etterspurnaden. Her er ikkje mange som lenger tek i bruk heile sauen og produserer smalahove, men vi måtte prøve. Det første året laga vi 200 stykke, deretter auka vi med 900. I fjor leverte vi 4000 smalahove til Coop Vest sine butikkar, fortel Øyvind.  

Alle smalahovene forsvann, og i år aukar Solundmat produksjonen med 7000 smalahove som denne månaden vert selde i alle Coop Vest sine butikkar, inkludert Bakar Jon.  

— Vi ser at dette er ein rett som verkeleg er på veg tilbake og målet vårt er å verte den beste leverandøren av smalahove i Norge, seier Øyvind ambisiøst.

Dei siste åra har den vesle bedrifta på Ytrøygrend i Solund jobba med å effektivisere smalahoveproduksjonen, men utan at det skal gå utover kvaliteten på produktet.  

— Det som er viktig for oss er å kunne tilby folk eit lokalt handverksprodukt til ein god pris og det får vi til saman med Coop Vest. Det skal ikkje vere for dyrt for folk å invitere til skjeltefest, smiler han.

På kampanje hos Coop Vest veke 40-44 (sjå liste over butikkar lenger nede).

Hallo Solundmat

At ein større og meir effektiv produksjon ikkje har gått utover smaken fekk han det gjævaste beviset på då ein kunde sendte han brev etter at ho hadde hatt smalahove til middag i fjor haust.

“Hallo Solundmat” stod det.

“Dykk vert vel overraska no. Eg er ei dame på 72 år, bur på Sunnmøre, men er fødd og oppvaksen på Prestøy i Aksvoll. I dag har eg ete smalahove frå Solund med mos laga av potet og søtpotet. Smalahove fekk eg tilkjørt frå Førde til Nordfjordeid, derifrå til Coop her eg bur. Eg las om dykk i Firda og då måtte eg berre ha, det smaka akkurat slik eg hugsar min far laga dei. Lukke til med det dere lagar.”

— Dette er nok det kjekkaste brevet eg har fått i heile mitt liv, fortel Øyvind og legg raskt til:

— Utanom kjærastebrevet eg fekk frå kona mi då vi gifta oss så klart.

Ta deg tid

Om du kan invitere kven som helst på smalahove, kven inviterer du og kva serverer du til maten?

– Då vil eg gjerne invitere både unge og gamle på middag. Smalahove er jo ein rett som vekker minner frå gamle dagar, samstundes som den har vorte veldig trendy blant yngre folk som er nyfikne på å prøve ekstrem mat og tek opp igjen tradisjonsmaten.  

– Retten vert servert på tradisjonelt vis med poteter og kålrabistappe. Elles passer alt som ein vanlegvis serverer av tilbehøyr til pinnekjøtt godt til smalahove, til dømes surkål og raudkål. Måltidet vert så klart komplimentert med lokal drikke, og gjerne frå Skifjorden.

Øyvind sitt beste tips når du skal invitere til smalahove- eller skjeltefest er å ta deg tid til å la hove putre.

– Før i tida lot ein gjerne smalahove koke i 3-4 timar. Det er det få som tek seg tid til i dag, men om du gjer det så kan eg love at det smakar ekstra godt og mørt.

Prøv Øyvind frå Solundmat si oppskrift på Smalahove på tradisjonelt vis

Smalahove frå Solundmat er på kampanje i Coop Vest sine butikkar veke 40 - 44 saman med 3 variantar med juice frå Balholm og Kokemør 400 g frå Ringdal.

Kampanje veke 40-44 gjeld desse butikkane

Bakar Jon

Prix Byrkjelo
Prix Gaupne
Prix Hermansverk
Prix Svelgen
Prix Selje
Prix Sogndal
Prix Volda

Extra Dale
Extra Florø
Extra Fosnavåg
Extra Førde
Extra Førdegården
Extra Hareid
Extra Høyanger

Extra Kaupanger
Extra Lærdal
Extra Naustdal
Extra Nordfjordeid
Extra Sandane
Extra Sogndal
Extra Stryn
Extra Volda
Extra Øvre Årdal

Marked Askvoll
Marked Balestrand
Marked Barstadvik
Marked Brekke
Marked Fiskå
Marked Florø

Marked Folkestad
Marked Fortun
Marked Fresvik
Marked Gjerdsvika
Marked Hornindal
Marked Kvamsøy
Marked Larsnes
Marked Lauvstad
Marked Leikong
Marked Moltu
Marked Olden
Marked Reed
Marked Rovde
Marked Sandsøy
Marked Skjolden
Marked Syvde

Marked Tjørvåg
Marked Vadheim
Marked Vassenden
Marked Åheim

Mega Førde
Mega Ulsteinvik
Mega Volda

Matkroken Dalsøyra

Sjå kart over Coop Vest-butikkar