Magne og Bakar Jon gjer seg klare til jul


Magne og Bakar Jon gjer seg klare til jul
lokalmatkurs: F.v Ronny Sørbotten, marknadssjef hos Coop Vest, Magne Hauge frå Bakar Jon og Ole Ringdal.

Etter ein av Bakar Jon sine mest travle somrar og NM i friidrett gjer Magne Hauge seg klar for ny sesong. Han er lokalmatansvarleg hos Bakar Jon og har allereie begynt på juleførebuinga. Han har mellom anna vore på kurs hos kjøttprodusent Ole Ringdal for å lære meir om korleis julematen vert laga frå botn av. 

Med kvasse knivar går Magne og kollegaene hans laus på finskjera sider av lam og gris som skal verte til pinnekjøtt og juleribbe. Dei butikktilsette i Coop Vest skal ikkje berre lære korleis julesidene vert laga, men dei skal gjere jobben sjølv.

— Etterpå skal vi salte sidene og då er det utruleg viktig at kjøttsidene vender opp og svora ned slik at saltet trekkjer godt inn i kjøtet, forklarar Magne.

Kort tid inn i kurset er ny kunnskap på plass, og frå salting går prosessen vidare til vatning og tørking. Magne duppar dei salta sidene i kar med vatn og heng dei opp til tørk. Der skal dei henge og godgjere seg fram mot jul.

— Dagen har gått så fort. Det har vore utruleg kjekt og lærerikt å vere med å lage maten som vi skal selje i butikk, seier Magne med eit smil.

Fleire lokalmatkurs

I god tid før jul vert sidene levert til Bakar Jon og Coop Vest sine butikkar og det er første gong at dei tilsette har vore med å sette sitt preg på julematen. Kurset hos Ole Ringdal på Hellesylt er det andre lokalmatkurset i Coop Vest. Det første var hos Arne Brimi på Vianvang tidlegare i år, og Coop Vest planlegg fleire kurs etter kvart.

— Å engasjere dei tilsette i korleis maten vert laga er noko vi vi verkeleg satser på. Det er viktig at dei som skal selja lokalmaten, veit mest mogleg om produktet, og at dei kan fortelja kundane om korleis ein lagar god og kortreist mat, seier marknadssjef Ronny Sørbotten, som har ansvar for lokalmatsatsinga til Coop Vest.

Under opplegget på Hellesylt fekk deltakarane også vere med på kaffiskule med Kjetil Russenes i Sognefjord kaffibrenneri og ølskule med Rolf Risnes i Skifjorden bryggjeri.

Ekstra stas

Magne ser fram til å kunne fortelje kundane som kjem innom Bakar Jon meir om kva han har lært.  

Det er så klart ekstra stas når kundane får med seg at eg har vore på kurs og er interessert i å vite meir om den lokale maten som vi tilbyr hos Bakar Jon. Eg er berre glad for å dele det eg kan med dei, fortel Magne.

Så spør han gjerne om tips og råd når det kjem til julemat, kaffi og anna lokal drikke til maten neste gong du er innom spesialitetsbutikken på Byrkjelo.

— Bakar Jon har også fått sin eigen spesiallaga kaffi frå Sognefjord Kaffibrenneri og ei eiga kverne slik at du kan ta med deg nykverna kaffi heim, tipsar Magne.

Nyheit: Bakar Jon sin eigen kaffi frå Sognefjord Kaffibrenneri får du no hos Bakar Jon på Byrkjelo.

Meir om:

Bakar Jon - Lokalmatnavet i Sogn og Fjordane | Smaksglede frå Coop Vest