Lokalmatkampanje på Evangerkorv, Eplemost og Blodpølse frå Hardanger


Lokalmatkampanje på Evangerkorv, Eplemost og Blodpølse frå Hardanger

Veke 34 og 35 har Coop Vest kampanje i utvalde butikkar på tre smakfulle produkt distribuert av vår samarbeidspartnar Generasjonsmat: Evangerkorv frå Evangerpølsefabrikk, 3 liter Eplemost frå Hardanger Saft og Ciderfabrikk og Blodpølse frå Hardanger.

Evangerkorv frå Evangerpølsefabrikk (Voss)

Evangerkorven er røyka etter gamle tradisjonar over orreved i eit eldhus av tre som gir den ein eineståande smak. Korven er gluten og mjølkefri og inneheld 70% kjøt (okse, får, geit, svin) vatn, potetmjøl salt og krydder.

Nyt den saman med raspeballar og valfritt tilbehøyr eller ein frisk potetsalat, med grønsaker og grov sennep.

Lokalmat I Smaksglede
Pristilbodet gjeld veke 34 og 35
Lokalmat I Smaksglede

Eplemosten frå Hardanger Saft og Ciderfabrikk (Ulvik i Hardanger)

Gjer litt ekstra stas på frukosten eller måltidet med eit forfriskande glass med eplemost!

Råpressa eplemost på 3L består av 100% rein eplemost med fruktkjøt. Mosten er ikkje tilsett sukker og vert pressa på garden sitt eige presseri. Etter pressinga blir mosten grovfiltrert, slik at mest mogleg av smak og næringsinnhald blir tatt vare på. For å unngå gjæring er mosten varma opp, og deretter tappa på kartong. Dette gjer sitt til lang haldbarheit. Mosten vil ofte innehalde lett synlege fruktkjøttpartikler. Disse partiklane er viktige for smaken, men gjer til at mosten ikkje blir heilt klar. Smaken og fargen kan variere ut i frå epla som blir brukt. I hovudsak brukar gardspresseriet deira Gravensten, Summerred og Aroma.

Blodpølsa frå Hardanger

Blodpølsa på 700 gr. produsert av Johs. Lundal og Sønner AS (Åkrafjorden) er basert på ei gammal familieoppskrift frå Hardanger og vidareført gjennom varemerket Ekte & Ærleg – Norske matskattar. Om du er på leit etter gode matopplevingar, så er Ekte & ærleg – Norske matskattar ein garanti for at råvarer, smak, tradisjonar og produkthistorie er vel ivaretatt. Den gode smaken og konsistensen til pølsa førte den til finalen i Det Norske Måltid i 2017 i kategorien Årets Godbit.

Pølsa er veleigna både til forrett, lunsjrett og middagsrett, og her er nokre gode tips til inspirasjon:

• Sneier på ca 1,5 cm. Godt smør på steikepanna på mellomsterk varme, til gjennomvarm, gjerne saman med eple-båtar av Hardanger-eple, til dømes Aroma.

• Forrett: Trekantbitar av blodpølse dekorert med krema søtpotetmos og steikte eplebåtar.

• Lunsj-rett: Heile skiver av blodpølse saman med søtpotetmos, eplebitar, eventuelt salat.

• Middagsrett: Heile skiver av blodpølse med dryss av terna bacon, søtpotetmos eller kålrabistappe, eplebitar.

Lokalmat I Smaksglede
Pristilbodet gjeld veke 34 og 45

Lokalmatkampanja veke 34 og 35 gjeld desse butikkane:

Bakar Jon

Prix Gaupne
Prix Hermansverk

Marked Vadheim

Mega Førde

Extra Førde
Extra Naustdal
Extra FlorøExtra Høyanger

Extra Øvre Årdal
Extra Lærdal
Extra Dale
Extra Nordfjordeid
Extra Stryn

Extra Sandane
Extra Kaupanger
Extra Sogndal
Extra Volda

Generasjonsmat og Coop Vest

Generasjonsmat sitt føremål er å hjelpe gründerar, bønder og småskalaprodusentar å få varene sine ut i butikk, og det er her vi kjem inn! Coop Vest ønskjer å tilby kundane våre det beste utvalet av lokal mat og drikke i butikkane våre og gi plass til dyktige og lokale matprodusentar i hyllene.

Les meir om vår lokalmatsatsing her: Smaksglede