Bakt potet med tre deilige toppinger


Bakt potet med tre deilige toppinger

 Bakt potet blir det du gjer det til. Det kan vere alt frå ein kjedeleg affære med ein smørklatt i til ei spennande smaksbombe. Vi vil inspirere deg til det sistnemnde, og her er tre variantar til inspirasjon!

Den ultimate bakte poteta

Delikatessa bakt potet lever framleis i beste velgåande som typisk norsk gatemat, men storheitstida som nattmat forsvann nok ein gong på 1990-tallet. Desto større grunn til å perfeksjonere klassikeren og ta den til nye høgder! 

Det er heldigvis ingen kunst å lage bakt potet, og bakar du potetene lenge nok så dei blir skikkelig møre, har du langt på veg lykkast.

PRØV: Bakt potet med cheddarost, bacon og crème fraîche

Lokalmat | Smaksglede
Cheddarost smeltar godt og er populær til bakt potet. Saman med bacon og crème fraîche blir det ekstra godt.

Det er når poteta er god og mør at magien vert skapt. Du kan velje den klassiske metoden og opne med eit enkelt snitt og leggje fyllet på toppen.

Eller du kan gå for luksusvarianten: Skrap ut innmaten og knus dette saman med rikelege smørmengder, salt og pepar. Legg deretter den saftige potetmosen tilbake i skallet. 

Klem godt samaen, for du skal også ha fyll på toppen av det igjen. No snakkar vi kulinarisk høgdepunkt!

PRØV: Bakt potet med fetaost, soltørka tomater og oliven

Lokalmat | Smaksglede
Feta, soltørka tomater og oliven er middelhavsinspirert fyll til bakt potet.

5 tips til perfekt bakt potet

Her er 5 enkle tips som tek den bakte poteta til eit heilt nytt nivå!

  1. Dropp folie rundt potetene. Det gjer berre at skalet blir mjukt og seigt.
  2. Det kan vere lurt å prikke potetene med ein gaffel før du bakar dei, slik at dei ikkje sprekk på grunn av trykk.
  3. Pensl potetskallet med litt olje. Det gjer skallet sprøare og gir betre smak viss du vil ete det.
  4. Du kan bake poteter både på grillen og i omnen.
  5. Skrap ut innmaten på dei ferdigbakte potetene, knus saman med smør, salt og pepar, og legg deretter potetmosen tilbake i dei tomme potetskala. Fyll på med den toppingen du ynskjer.

Bakt potet er perfekt å nyte til grillmat, salat eller som ein liten rett i seg sjølv. Godt er det uansett! 

PRØV: Bakt potet med parmesan, ruccola og fennikelsalami

Lokalmat | Smaksglede
Med parmesan, ruccola og fennikelsalami, for den som er glad i italienske smakar.

BAKT POTET MED 3 TOPPINGER

Vanskeligheitsgrad: Lett
Totaltid: 70 minutt
Steiketid: ca.60 minutt
Grillmetode: Indirekte varme (185˚C i omnen)
Porsjonar: 4

Dette treng du:

  • 4 stk. store poteter frå Lærdal Grønt, med skal
  • 1-2 ss rapsolje
  • 100 g smør, i terningar
  • Salt og pepar

Slik gjer du:

  1. Fyr opp grillen og lag til eit område utan direkte varme under rista. Du kan også bake potetene i omnen på 185˚C.
  2. Vask og tørk potetene godt. Stikk med gaffel 3-4 stadar og gni inn skalet med litt olje. Legg på indirekte varme på grillen (eller på rist i omnen). Steik til potetene til dei er møre (ca. 60 minutt).
  3. La potetene kvile i 5 minutt. Skjer eit djupt snitt på midten og grav ut den møre innmaten med skei. Mos saman potet og smør og smak til med salt og pepar. Legg potetmosen tilbake i skalet og topp med det du likar best. Ynskjer du smelta ost, kan potetene leggast tilbake på grillen nokre minutt.

 

TOPPING 1: CHEDDAROST, BACON OG CRÈME FRAÎCHE

  • 180 g baconterningar, sprøsteikt
  • 100 g cheddarost, revet
  • 4 ss crème fraîche
  • 2 ss gressløk, finhakka

Slik gjer du:

  1. Steik bacon i steikepanne.
  2. Fyll bakt potet med revet ost og topp med crème fraîche, baconbitar og gressløk.

 

TOPPING 2: FETAOST, SOLTØRKA TOMATER OG OLIVEN

  • 150 g fetaost, smuldra
  • 8 stk. soltørka tomater (i olje), strimla
  • 100 g kalamataoliven (utan stein), grovhakka
  • Frisk oregano

Slik gjer du:

  1. Smuldre fetaost og dytt godt ned i bakt potet.
  2. Topp med soltørka tomater, kalamataoliven og frisk oregano.

 

TOPPING 3: PARMESAN, RUCCOLA OG FENNIKELSALAMI

  • 4 ts olivenolje
  • 2 fedd hvitløk, revet
  • 4 ss parmesan, revet
  • 50 g ruccola, grovhakka
  • 0,25 ts flaksalt
  • 8 skiver fennikelsalami (tynne skiver)

Slik gjer du:

  1. Bland saman olivenolje, hvitløk, parmesan, ruccola og salt.
  2. Dytt salamiskiver ned i bakt potet og fyll på med ruccolablandinga.

SJÅ: Alle oppskriftene våre her

Kjelde: Coop.no/mega

I desse butikkane finn du poteter og gulrøter frå Lærdal Grønt

Prix Hermansverk
Prix Byrkjelo
Prix Svelgen
Prix Gaupne

Extra Førde
Extra Naustdal
Extra Florø
Extra Høyanger
Extra Øvre Årdal
Extra Lærdal
Extra Dale

Extra Eid
Extra Stryn
Extra Kaupanger
Extra Høyanger
Extra Sandane
Extra Sogndal
Extra Hareid

Marked Vadheim
Marked Askvoll
Marked Balestrand
Marked Vassenden
Marked Florø
Marked Reed
Marked Skjolden
Marked Vadheim

Marked Syvde
Marked Fortun
Marked Fresvik
Marked Brekke

Mega Ulsteinvik
Mega Førde

Sjå alle butikkar