Per Otto serverer lokalmat til middag kvar dag


Per Otto serverer lokalmat til middag kvar dag

 I kaféen til Extra Førde serverer butikksjef Per Otto Huseklepp og teamet hans 260 middagar kvar dag. På menyen har dei fire til fem Dagens rettar, og frå måndag til fredag er minst ein av dei alltid lokalmat. 

– Lokalmat har vi servert heilt sidan vi opna kafeen i 2007, og Signes Raspeball, som er ekstremt lokalt, har vore på menyen frå starten av. Etter kvart har det blitt meir og meir lokal og tradisjonsrik mat på menyen. Kundane etterspør lokalmat og bryr seg om kor maten kjem frå, og då ynskjer vi å kunne tilby dei det, fortel butikksjef Per Otto Huseklepp.

 Kollega Linn Solheimsnes nikkar. Ho har jobba i kaféen i ni år og opplev ei aukande interesse for lokalmat. Ho syns det er kjekt når kundane er nyfikne på kor maten kjem frå.

–  Nokon av kundane våre spøker og spør om vi har vore i fjorden og fiska når vi fortel at fisken er kortreist. Når dei får til svar at den kjem frå Bulandet, så er dei veldig positive til det, smiler ho

Lokalmat i kafé

I tillegg til Extra Førde, tilbyr Coop Vest også lokalmat i kafé hos Bakar Jon på Byrkjelo, Extra Sandane og Extra Volda. Når dei byr på middag skal det lukte torsk frå Hillersøy Fisk, salt kjøtt frå Ole Ringdal, raspeballar frå Signe (sjølvsagt kvar torsdag), svinenakke frå Abbel Tradisjonsmat og bacalao frå SolundMat. Nokon av innslaga er faste, men menyen vil også variere ut i frå sesong.

– Vi har lyst til at dei som kjem til oss skal få smake på dei ulike sesongane. Til hausten vil vi til dømes tilby kortreist fårikål av lam som har beita her på Vestlandet, og om våren serverer dei kjekjøt hos Bakar Jon som kjem rett i frå næraste dal, seier Per Otto engasjert.

Ein stamgjest har nett tinga dagens lokale tallerken, og Per Otto lagar til ein raus porsjon med røykt torsk frå Bulandet med kvit saus og bacon. Den populære kaféen har ei omsetting langt over ambisjonen som den hadde når den først opna. Kjøkkenet var bygd for ei omsetting på tre millionar, medan den i dag er på nærmare 12 millionar.

Lokalmat | Smaksglede
Lokale smørbrød: I kaféen er også nokon av smørbrøda lokale. Linn fortel at eggerøra er laga av egg frå Døskeland Bruk og laksen er levert av Ole Ringdal.

Vi har utruleg mange faste gjester som kjem innom for å ete middag hos oss, og om sommaren får vi óg besøk av mange turistar som vil smake norsk mat og oppleve norsk matkultur. Då er det ekstra stas å kunne fortelje dei om den lokale maten vår, poengterer Per Otto og fortel at han snakkar tysk kvar juli.

Lokalmat | Smaksglede
Dagens lokale rett: Røykt torsk frå Hillersøy Fisk på Bulandet med kvit saus og bacon.

Lokalmat i butikk

Når turistane først er innom vil dei gjerne ha med seg nokre lokale matskattar tilbake igjen til heimlandet, då er det praktisk med kort veg frå kafé til butikk. Ved å tilby meir lokalmat i kafé, håpar Per Otto å inspirere både lokale og tilreisande kafégjester til å utforske det lokale matkartet, også når dei er på handletur.  

– Vi har så mykje fantastisk og kortreist mat som vi er stolt over å kunne tilby både i kafé og butikk. Vi håpar at fleire og fleire kjem innom for å smake, og gjerne også våger å prøve noko nytt. Om dei i tillegg får lyst til å kjøpe produkta i butikk og lage rettane heime, så er det eit ekstra pluss.

Les meir om Coop Vest si lokalmatsatsing her