Nye produkt frå SolundMat: Klippfiskburgar og Bacalaobitar


Nye produkt frå SolundMat: Klippfiskburgar og Bacalaobitar

Frå 1.juni er det klart for nye produkt i utvalde Coop-Vest butikkar: Klippfiskburgar og Bacalaobitar frå SolundMat. 

 – Det er gode produkt frå gamalt av med stykke frå fin og tjukk fisk. Dei er enkle å lage og ein kan ha dei rett i steikepanna, lovar Øyvind Lendig, lokalmatprodusent og dagleg leiar i SolundMat.

– Bacalaobitane er kjempegode om ein koker dei eller bruker dei i fiskegrateng. Klippfiskburgaren er perfekt til salat eller saman med stekt løk og ris, og ein kan sjølvsagt bruke dei i staden for vanleg hamburgar, tipsar han, og legg til:

– Det er ypparlege måltid for dei som ynskjer noko sunt og godt å spise.

Klippburgarane til SolundMat var svært populære blant kundane då Øyvind Lendig inviterte til smakebit hos Extra Lærdal. Lokalmatmentor og motivator Arne Brimi kom bort for å smake fleire gongar.

Eit nytt kapittel for bygda si bedrift

SolundMat har nyleg inngått ei ny avtale med Coop Vest der dei utvidar til Møre og Sunnmøre, og vil selje produkta sine i heile 34 av Coop Vest sine butikkar.

– Avtalen betyr svært mykje for oss. Det gir oss ein sjanse til å klare oss, slår Lending fast.

Bedrifta frå øyriket Solund vart starta i 2011 for å ta vare på det nedleggingstrua fiskemottaket og den lokale villsauen, og for å gi tilbake til nærmiljøet. Med Hågøy Villsaulag i spissen gjekk lokalsamfunnet saman og starta SolundMat AS. No har dei 57 eigarar, og som eit direkte resultat av avtalen med Coop Vest investerte bedrifta i forrige månad fleire millionar i nytt utstyr.

– Denne veka har vi testa ut det nye utstyret og vi har god kapasitet til å møte etterspurnaden om produkta skulle bli svært populære. I tillegg har vi auka kapasitet for produksjon av spekemat, seier Lendig, som gler seg over framtida til den vesle bedrifta.

I desse butikkane finn du SolundMat

Bakar Jon

Prix Selje
Prix Byrkjelo
Prix Svelgen

Extra Førde
Extra Førdegården
Extra Naustdal
Extra Florø

Extra Høyanger
Extra Årdal
Extra Lærdal
Extra Dale
Extra Eid
Extra Stryn
Extra Sandane
Extra Kaupanger
Extra Sogndal
Extra Volda

Marked Vadheim
Marked Askvoll
Marked Balestrand
Marked Vassenden
Marked Florø
Marked Reed
Marked Olden
Marked Hornindal
Marked Åheim
Marked Fiskå

Marked Syvde
Marked Rovde
Marked Lauvstad
Marked Brekke

Mega Volda
Mega Førde

Sjå alle butikkar