Matinspirasjonen frå bestemor


Matinspirasjonen frå bestemor

På produktpakkane til Abbel Tradisjonsmat er det bilde av den ikoniske sjøklippa Hornelen, innseglingsmerket til Nordfjord, og det er ikke utan grunn. Like ved foten til dette fjellet vaks bestemor til kjøttmaker Jonny Bakke opp. 

 – Bestemor vaks opp i Blålida i ein flokk med 9 søsken som alle var utruleg dyktige til å lage mat av dei små ressursane dei hadde. Ein av dei blei bakar i Stryn og ein annan hadde restaurant i Oslo, fortel Bakke.

Bestemor hans, Berta Indredavik, gifta seg med Kristian Indredavik og flytta til Abbel-garden. Der stod ho for mykje av matlaginga og som liten hang Bakke ofte i skjørtekanten på bestemora.

– Det var slik eg lærte å lage mat. Så det er takket veret ho at eg har fått ein slik lidenskap for matlaging. Dei fleste oppskriftene eg brukar i dag kjem frå bestemora mi, seier han med ein takknemleg tone.

På det første bilde ser ein barndomsheimen til bestemor Berta, som er avbilda saman med bestefar Kristian Indredavik på bilde nummer to.
Abbel Tradisjonsmat

Matminner frå barndommen

Han hugsar spesielt vannkringlene bestemora brukte å lage. Dei var eksepsjonelt gode. Det samme var kvardagskosten, og ikkje minst maten dei brukte å lage til jul.

– Vi hadde ein stor gard i dåtida sin målestokk og med god tilgang på kjøtt laga vi mellom anna sylteflesk som vi pakka inn i klede og pressa under ein stein. Det var eit stort augeblikk når vi fekk ete det kvelden før jul, minnast Bakke.

Sylteflesket til Abbel tradisjonsmat er basert på oppskrifta til bestemora og matminner frå barndommen og juletida. Andre juleprodukt frå Abbel som også er inspirert av bestemor Berta er lammerullen, pinnekjøttet, og lutefisken deira. Abbel tradisjonsmat lagar også pølser, og kjem no ut med to heilt nye produkt i alle Coop Vest sine butikkar i løpet av april: Bestas heimelaga kjøtkaker og karbonader, som også kjem frå den same inspirasjonskjelda. 

– Eg synest jo det er utruleg trist om tradisjonsmaten som forfedrene våre laga skal gå i gløymeboka, og det var nok ein viktig motivasjon til at eg starta som lokalmatprodusent, utdjupar Bakke.

Tradisjonsmat til neste generasjon

Han starta Abbel tradisjonsmat saman med kona Siv Bakke hausten 2015. Abbel held til i eigne produksjonslokale i Davik i Bremanger kommune, og alle produkta er laga av gode råvarer og solide mattradisjonar frå Nordfjord. I fjor arrangerte dei for første gang Abbel-dagane for å sette fokus på gamle tradisjonar innan lokal mat og drikke.

– Over to dagar inviterte vi alle som hadde lyst til å vere med på rømmergrautlaging, flatbrødbaking, pølseproduksjon, og ølbrygging på Abbel-dagane. Det er fint å kunne vidareføre desse kokkekunstane til neste generasjon. I mitt eige tilfelle har det gitt meg mykje glede og inspirasjon til å drive med noko eg er glad i, avsluttar han.

Oppskrift: Bestas heimelaga kjøtkaker frå Abbel Tradisjonsmat 

Oppskrift: Klassisk karbonadeblings frå Abbel Tradisjonsmat

NYHEITER FRÅ ABBEL TRADISJONSMAT HOS COOP VEST

Karbonader og kjøttkaker frå Abbel Tradisjonsmat, inspirert av bestemora Berta Indredavik, vert rulla ut i alle Coop Vest sine butikkar i løpet av april. Lokalmatprodukta er laga med omtanke og flid, og du treng berre å varme dei opp, så har du ein lettvint og smakfull middag. Sjå etter dei raude pakkane med Hornelen på i frysediskane i din nærmaste Coop Vest butikk!

Følg Smaksglede på Facebook