Reportasje: Før dagen er omme har dei rulla 4000 raspeballar for hand


Reportasje: Før dagen er omme har dei rulla 4000 raspeballar for hand

Veke 15 og 16 er det kampanje på Signes Raspeball i alle Coop Vest sine butikkar, inkludert Bakar Jon. Glenn, Signe og kollegaene deira har stått på dei siste vekene for å lage nok raspeballar til alle som har lyst å smake “Norges Beste Raspeball”.  

Kvar morgon klokka seks startar dei produksjonen, og før dagen er omme har dei rulla 800 kilo raspeballar for hand. Det er godt og vel 40.000 raspeballar på to veker, alle laga med den gode konsistensen som berre handlaga raspeballar kan ha. For eit år sidan flytta den vesle Førde-bedrifta over fjorden og inn i nytt lokale.

–    Her har vi alt vi trenger og alt av utstyr eig vi sjølv. Det er betalt ned utan mykje lån. Det var viktig for meg, fortel Signe Nydal medan ho viser oss rundt i produksjonslokalet deira.

–    Vi har ikkje lager, men det er fordi vi bare leverer ferske varer, påpeikar ho.  

Det var Signe Nydal som starta det som vi i dag kjenner som Signes Raspeball saman med mannen sin Gunnar på 90-tallet under namnet Sunnfjord Konservering. Bedrifta har frå starten av vore ei familie- og handverksbedrift som lagar tradisjonsrike raspeballar laga for hand. 

Signes Raspeball | Coop Vest Smaksglede
“Odelsguten”: Glenn var nær sagt født inn i rolla som dagleg leiar for Signes Raspeball som han har teke over etter mor si Signe. Her står dei framfor det nye produksjonslokalet deira i Førde.

Generasjonskifte –  frå Signe til Glenn

Signe er framleis med i produksjonen, men har trappa ned på arbeidsmengda dei siste åra. Etter at ektemannen og partnaren, Gunnar Eliassen, vart sjuk og døydde i 2012, jobba ho utan ei pustepause i fire år. Då sa kroppen ifrå og det var på tide å føre stafettpinnen vidare. Til hennar store glede var sonen, Glenn Nydal Eliassen, klar for å vidareføre tradisjonen.

–    Eg er heldig som har Glenn, Lillian og dei andre. Du må verkeleg stå på om du skal få til noko sjølv, og no når eg har måtte la andre steppe inn, ser eg kor flotte menneske eg har rundt meg. Eg har lagt sjela mi i bedrifta, og eg ser endeleg klart og tydeleg kva eg kan få igjen for arbeidsinnsatsen, seier ho og legg til:

–    Eg har fått til noko som kan gje Glenn ei framtid, og den dagen eg takkar for meg, vil Signes Raspeball framleis vere i butikkane.

Då raspeballen byrja å rulle

I starten var det vanskeleg å tene inn nok pengar. Signe og ektemannen hadde ikkje råd til anna enn å jobbe, og når Glenn vart fødd, sov og leika han på kontoret medan Signe og Gunnar jobba. Det var først då Ivar Dvergsdal frå Coop Mega i Førde viste interesse for å selje ferske, ferdiglaga raspeballar på butikken, at Signe skjønte at her var mogleg å få til noko stort.

– Folk stoppa meg på gata, og ringte til oss. Dei ville ha tak i raspeballar. Etter det har vi tatt ein ball om gangen, seier ho.

– Coop har vore ein utruleg viktig kunde for oss. Dei har alltid vist interesse og stått på for oss. Eg hadde ærleg talt ikkje sett for meg at det kunne gå så bra, seier Glenn, som offisielt tok over som dagleg leiar i 2018.    

Signes Raspeball | Coop Vest Smaksglede
4000 raspeballar: Kvar arbeidsdag produserer Glenn og teamet hans 4000 raspeballar for hand som dei mellom anna leverer til Coop Vest sine butikkar.

“Norges Beste Raspeball”

I dag er Signes Raspeball eit kjært og prisa lokalmatprodukt med både Spesialitetsmerke frå Matmerk og tittelen “Norges Beste Raspeball” frå TV2 Matkontrollen. Dei populære raspeballane finn du i fleire og fleire av Coop Vest sine butikkar, og saman med Coop Vest og Spesialgrossisten satsar Signes Raspeball no også på Møre.

– No skal vi ut i butikkane til Coop Vest og stå på stand dei neste vekene. Vi kjem til å dele ut smaksprøver og håpar å treffe mange kundar. Det er det eg likar best med jobben min. Eg håpar alle som kan tek turen!, oppfordrar Glenn med eit smil.

Lokalmatkampanje og smakebit hos Coop Vest

Signes Raspeball stiller på stand saman med Spesialgrossisten i utvalde av Coop Vest sine butikkar dei neste to vekene. I tillegg til Signes Raspeball, har Spesialgrossisten med seg smakebitar av Vossakjøt sin Vossakorv og Bønes Ekte Servelat som også er på kampanje fram til 21. april.

Signes Raspeball | Coop Vest Smaksglede

Følg Smaksglede på Facebook