Lokalmatkampanje: Døskeland egg til påske!


Lokalmatkampanje: Døskeland egg til påske!

Snart er det påske! Den tida på året då Nordmenn knekker 21 millioner egg. Frå 19. mars til 31. mars har Coop Vest kampanje på brett med 20 store lokalproduserte egg frå frittgåande høns frå Døskeland Bruk i utvalde Coop Vest-butikkar. Liste over butikkane det gjeld finn du nederst i artikkelen.

DØSKELAND EGG ER Bra for miljøet og smaken

Døskeland Bruk som held til på Sande i Sunnfjord og er blant dei siste lokale eggprodusentane i Indre Sunnfjord. Dei leverer kortreiste egg frå frittgåande høner som er så ferske som egga kan vere utan at ein har eigne høner og kan plukke sine eigne egg. Hos Døskeland Bruk pakkar dei nemleg egga sjølv før dei blir levert ut til Coop Vest sine butikkar. Det vil seie at egga er berre 1-2 dagar gamle når dei kjem ut i butikkane våre.

Den korte reisetida tel positivt både for miljøet og for smaken, fortel produsent Ole Rune Døskeland:

Ved å unngå lang lagringstid og frakt bevarer ein smaken til egga og i tillegg har dei då eit mindre klimaavtrykk.

Dei store egga har solgul plomme og kjem til vanleg i ein 10 pk, men før jul vart dei også selde på brett med 20 egg.

Det slo kjempebra an, og salet har i grunn gått over all forventning. Allereie den første veka vart dei utselde og vi måtte levere meir enn kva vi hadde planlagt. Det er utruleg kjekt at egga har blitt så godt mottatt, seier Døskeland.

Denne påska gjentek vi suksessen frå jul med kampanje på brett med 20 egg frå Døskeland Bruk. Om du ikkje allereie har prøvd dei, så håper vi at du gjer det og får ei riktig solgul påske! 

KAMPANJE PÅ Døskeland Egg finn du i desse butikkane: