Reportasje: No tilbyr dei endå meir lokalmat


Reportasje: No tilbyr dei endå meir lokalmat

På fredag var den nye lokalmatavdelinga hos Extra Nordfjordeid klar og butikken feira storhendinga saman med fleire av lokalmatprodusentane til Coop Vest for å vise fram det spennande utvalet.

– Salet av lokalmat har gått over all forventing og er grunnen til at vi no utvider avdelinga og vel å satse endå meir på det, fortel butikksjef Linda Espelund.  

Då Extra-butikken på Nordfjordeid først opna i september 2016, vart den utrusta med ei flunkande ny avdeling berre for lokal mat. Det var eit pilotprosjekt som sidan har vorte mal for andre Extra-butikkar. På Nordfjordeid var lokalmatavdelinga så populær blant kundane at den no blir endå større med matvarer frå rundt 50 lokalmatprodusentar.

Lokalmat Coop Vest
Butikksjef Linda Espelund viser fram den nye lokalmatavdelinga hos Extra Nordfjordeid.

– Det er utruleg kjekt at vi kan ha så mange forskjellige produsentar og så godt utval. Vi har sett opp fleire hyller og fryseskap slik at vi no kan få samla alt på ein plass og få fram varene endå betre, påpeikar ho.

Det at vi kan tilby kundane våre dette gjer at vi skil oss får dei andre kjedene. Lokalmat er populært som aldri før. Kundane etterspør det og det er mange produsentar som vil inn på marknaden. Med denne avdelinga har vi lagt eit grunnlag for at det gode salet kan fortsetje.

Lokalmatprodusentane Ferske Smakar, Fjord Gardsmat, Ole Ringdal, Fjellestad Gardskjøken, Solund Mat, Kandal Kjøtt, Påldtun Frukt og Bær og Signes Raspeball var til stades under nyopninga og baud på lokale matskatter av gombe, lefser av ulike slag, varmrøykt laks, klippfisk-kaker, spekekjøt av både lam og geit, dampkokte urtepølse, raspeballar og mørpølse. Alle dei unike og ulike produkta som dei viste fram er til sals i den nye lokalmatavdelinga.

Lokalmat Coop Vest
Magne Ravnestad frå Påldtun Frukt og Bær fortel om familebedrifta frå Sandane i Nordfjord.

Familebedrifta Påldtun

Magne Ravnestad frå Påldtun delte ut herleg jorbær-, rabarbra- og bringbærsaft, og bringebær servert med vaniljekesam.

– Folk spør meg om det er bestemora mi som har laga safta, men då må eg innrømme at det er meg, fortel Magne med eit lurt smil.

Magne driv Påldtun Frukt og Bær saman med kona si Veronica Hauge og begge to er i full jobb ved sidan av familiebedrifta.

–   Vi har fått god hjelp frå foreldra til Veronika når det gjeld bærproduksjon, og frå mine foreldre når det kjem til barnepass, smiler han og understrekar:  

– Det hadde ikkje gått rundt utan foreldra på begge kantar.

Draumen er at dei etter kvart kan jobbe med bedrifta på heiltid og det siste året har dei etablert seg med meir effektivt utstyr. Tidlegare i år var dei med som ein av tre finalister i den prestisjetunge konkurransen «Det Norske Måltid» der bringebærsafta deira konkurrerte i kategorien «Årets det grøne – foredla».  

Smaken skal vere som om det var ho besta som laga den. Vi fokuserer på reine, naturlege smakar, og mange som smakar produkta får assosiasjonar til då dei var små. Det er barndomsminner på flaske, seier han og kjem med eit lite tips:

– Ta litt saft frå Påldtun i ei panne og tilsett potetmjøl og vatn til du har fått ein god konsistens. Hell det på vaniljeis eller riskrem. Det er nydeleg godt!

Lokalmat Coop Vest
Glen Nydal Eliassen, dagleg leiar i Signes Raspeball slår av ein prat.

Odelsguten hos Signes Raspeball

Vidare inn i butikken møter vi Glen Nydal Eliassen frå Førde. Han er dagleg leiar for Signes Raspeball, og er ingen ringare enn sonen til Signe.

– Mor mi brukar å seie at ho har to born. Meg og raspeballen. Men av og til trur eg raspeballen betyr mest, ler han.

Signes raspeball har fått Spesialitet-merket og er den einaste raspeballen i Norge som har blitt pryda med dette stempelet. Merkeordninga «Spesialitet» er forvalta av den uavhengige stiftinga Matmerk, og er ei offisiell merkeordning som viser veg til god lokal mat og drikke. I 2015 var Signes Raspeball også med på Matkontrollen på TV2, der dei vann tevlinga om tittelen: Norges Beste Raspeball.

Glen har ikkje høgare utdanning, men har jobba i bedrifta sidan han var 19. Ein kan seie at han vart fødd inn i bedrifta.

– Mor mi var lei av å være skoseljar, og ville vere sin eigen sjef. I 1993 starta ho bedrifta i lag med far min. Dei hadde dårleg råd og det først året etter at eg vart fødd, var sofaen på kontoret for krybba mi å rekne, fortel han.

Eg veit ikkje kva eg skulle gjort om det ikkje var for raspeballane. Det har vore ein lang veg å komme inn i butikkane, men hos Coop Vest har vi vore lenge, og eg er glad for at det er min jobb og at eg er i ein god posisjon for å føre bedrifta vidare, seier den blide 26-åringen og avsluttar spøkefullt:

– Raspeballar går ikkje ut på dato!