Reportasje: – Dette har vi sakna


Reportasje: – Dette har vi sakna

Torsdag var det offisiell opning av ny butikk Extra Lærdal og Coop Vest inviterte til festdag med kaker, kaffi og lokalmat. Med fantastiske smakebitar frå lokalmatprodusentar og celebert besøk frå Arne Brimi og ordførar Jan Geir Solheim, var det mange som greip sjansen og tok turen innom for å sjå seg rundt og slå av ein prat. På menyen var det laks frå Svanøy Røykeri, lefser frå Ferske Smakar, klippfiskkaker og spekekjøt frå Solundmat, kjøt av geit frå Fjord Gardsmat, potetball frå Volda Fiskemat og Ringdalmør frå Ole Ringdal, og forfriskande feios-iskrem frå Alm Gard.

–  Eg gler meg til å opne butikken, til å bli kunde her, og eg trur dei tilsette kan glede seg til ein heilt ny kvardag på jobb. Eg ser fram til fortsetjinga og vil gratulere alle med dagen. Vi som bur her, og dei som jobbar her, seier ordførar Jan Geir Solheim like før han finn fram saksa.

Han fekk æra av å klippe snora og rosa innsatsen som ligg bak butikken og det store utvalet, og understreka at det betyr mykje for det lokale næringslivet å ha ein slik butikk med eit så godt utval av lokale matvarer.

Dei tilsette som ønska kundane velkomne. Framme frå v.: Tordis Kronen, Malin Hovland, Merete og Amalie Forthun Grøthe. Bak frå v: Espen Grøthe, Kjell Grøthe, Ann-Margit Albertsen Skaar.
Lokalmat Coop Vest
– Dette har vi sakna! Extra Lærdal har jo alt, utbryt Tone Wallevik som i lag med mor hennar, Anna Vingmann, her får smake på produkt frå Fjord Gardsmat.

– Det her blir så gøy! Eg gler meg, smiler Tordis Kronen.

Ho har jobba i butikklokala i dei siste tretti åra, og er positiv til at dei no har fått inn meir lokale varer.

– Det er meir lokale varer enn nokon gong før. Det er ingen andre butikkar i nærleiken som har slikt, fortel ho stolt.

– Eg tykkjer det er flott at dei løftar opp småskala produsentane vi har i våre lokale miljø, poengterer kollega Merete Forthun Grøthe.

Tradisjonsmat i kvardagen

På plass var også Arne Brimi, kjend frå TV-suksessen «Gutta på tur» og sine kokkekunstar der mat og natur, tradisjon og identitet er i fokus. Han er mentor for Coop Vest fordi han ser verdien i lokalmat og ynskjer å vere med å inspirerer og motivere produsentane og dei tilsette i butikkane.

– Det er viktig å gjere ting saman, og å gjere dei betre. Men vel så viktig er det at Coop Vest står som ein garantist for produsentane. Det var ofte slik at lokalmat berre var tilgjengeleg til høgtid, og så måtte produsentane finne på andre ting ellers på året. No har dei ein arena der dei får selt varer heile året. Dei får sjansen til å gjere tradisjonsmat til eit kvardagsprodukt, poengterer Brimi.

–  Vi ynskjer at dei tilsette skal få meir kompetanse om lokale matvarer og då er Brimi ein god mann å ha på laget. Når turistar kjem innom her, vil dei tilsette kunne fortelje like mykje om området som om matvarene, understrekar Geir Espe, direktør i Coop Vest.

Lokalmat Coop Vest
Arne Brimi og Geir Espe, direktør i Coop Vest. Brimi er strålande nøgd med at Coop Vest gjer det mogleg for lokalmatprodusentar å tilby produkta sine heile året og ikkje berre til høgtidene.

Utselde på ein time

Miriam Korneliussen frå Svanøy Røykeri hadde tatt turen frå Florø. Lakseprodukta deira var så populære at ho ikkje hadde tid til ein prat før det vart utselde. Ho hadde slått seg saman med Anette Hestad og Thomas Smådal frå Ferske Smakar frå Førde. Dei serverte varmrøykt og kryddermarinerte laks på flatbrødet deira, samt nydelege gode Sunnfjordlefser og tjukklefser.

–  Det er veldig kjekt å vere med på slikt. Vi får snakke direkte med kundane og får tilbakemeldingar, og så er dei utrulege kjekke i Coop Vest. Dei er inkluderande, og samarbeidet vi har hatt med dei har betydd veldig mykje for bedrifta vår. Det ligg mykje arbeid bak maten, og vi som driv med slik set veldig stor pris på at produkta våre er lett tilgjengelege for folk, fortel Korneliussen.

Miriam Korneliussen frå Svanøy Røykeri og Thomas Smådal og Anette Hestad frå Ferske Smakar slo seg saman og serverte blant anna varmrøykt kryddermarinert laks på flatbrød.

Øyvind Lending Og Fanni Balatony frå Solundmat serverte spekekjøt og nysteikte klippfiskkaker med løk.

– Dette var midt i blinken, melder Terje Forsberg når han får smake snackspølsa deira laga av villsau.

– Denne er god å ha før fest, det var kjempegodt, fastslår han og vedgår at butikken ser heilt strålande ut:

– Det er ikkje mange i nærleiken som er så bra.

Lokalmat Coop Vest
- Midt i blinken og god å ha før fest, sa Terje Forsberg og Eirik Bolstad om snackspølsa av villsau frå Solundmat.
Lokalmat Coop Vest
Marknadssjef Ronny Sørbotten viser stolt fram den nye lokalmatavdelinga med Balholm frå golv til tak.

VINN-VINN FOR ALLE

Klippfiskkakene til Solundmat var også svært populær blant kundane. Meisterkokken Arne Brimi måtte bort å smake fleire gongar, kunne Lending skryte av.

– Klippfiskkakene er eit prøveprosjekt og det er kjekt å sjå at dei fell i smak. Responsen så langt har vore veldig bra og vi håpar å ha dei klare i butikken om ein månad.

Den seks år gamle bedrifta har gått frå å vere ein liten aktør i Solund til å ha produkt ute i 60 av Coop Vest sine butikkar no når produkta deira snart kjem til sals på Møre.

– Det har vore ei kjempestor hjelp for oss å bli inkludert. Coop Vest har kompetanse på produktutforming og på kva kundane vil ha. Eg har berre gode ord å seie om støtta dei gir oss, seier Lending.

– Vi håpar at fleire vil opne auga og smaksansane sine for lokalmat. Vi vil så klart selje meir av det, men vel så viktig for oss er det å ta vare på mattradisjonane våre. Om det skal bu folk i dette fylket, så må vi skape arbeidsplassar og produsere varer her og då må dei som gjer det ha ein salsarena. Om vi gjer ein god jobb med å få deira produkt ut til kundane, så vinn vi på det alle saman, avsluttar Ronny Sørbotten, marknadssjef i Coop Vest.

Han kan røpe at det i tida framover vil lansere fleire nye lokalmatprodukt i mange av Coop Vest sine butikkar, så følg med på Smaksglede.

Sjå alle bilda frå opningsfesten på Facebook-sida vår:

Lokalmat Coop Vest