Mattradisjon: Feitetysdag


Mattradisjon: Feitetysdag

Før fastetida byrja brukte ein å feire fastelavnssøndag og feitetysdag. Fastelavnssøndag er det mange av oss som framleis markerer med kringle og fastelavnsbollar, men feitetysdag er for mange ukjend den dag i dag. Dei som kjenner godt til denne merkedagen veit at det var knytt mange mattradisjonar til feitetysdag.

Blant dei er Åse Kongsvik og Kari Støfringsdal som har skrive om denne matskikken i boka “Fjordamat”. Dei fortel at feitetysdag vart feira den siste dagen før fasta skulle byrje. Med ei lang fastetid framfor seg var det om og gjere å få i seg mest mogleg feit mat før fasta tok til. I boka deler dei mellom anna eit utsegn frå Sogn som beskriv dagen slik: “Åja, det var mykje moro feitetysdagen – til dømes kjøtmylje og feitt kjøt!”. 

Somme stader fekk ungane fri frå skulen for å vere med på den store matfesten heime, men dette er ikkje tilfelle i dag. Likevel er det nokon stader der mattradisjonen lever vidare. I Sunnfjord er det enno skikk å ete raspeballar på feitetysdag med salt og røyka kjøt, og i Nordfjord er det vanleg med rømmegraut på feitetysdag.

I Fjordamat står det at: “Det var viktig å hugse feitetysdag! Frå Sogn vert det fortalt om ei gammal kårkone som hadde gløymt feitetysdag, ho gret og var så ulukkeleg! Dette skulle vi tru høyrde heime i ei anna tid og hadde lite aktualitet i dag. Men nettopp det er det interessante – dette har halde seg levande heilt til i dag! Ein dag som i røynda har mista grunnlaget sitt for fleire hundre år sidan, lever endå i dag sterkt i folk sitt medvit her i fylket. Kanskje vi er litt spesielle såleis. Olav Bø, som har studert tradisjonane grundig, skriv nemleg i 1984 at: “Dei andre matskikkane frå før fastetida er nok ikkje praktiserte nokon stad no” og viser då mellom anna til feitetysdagskikkane.””

Kjelde: Fjordamat av Åse Kongsvik og Kari Støfringsdal, Selja Forlag.

OPPSKRIFT: POTETBALL SOM NESTEN LAGAR SEG SJØLV 

OPPSKRIFT: TRADISJONELL RØMMEGRAUT

Kokeboka: Fjordamat

 

Vil du gjerne lage tradisjonsrike matrettar, og bruke gode, lokale råvarer? Vil du helst lage maten frå grunnen av, og vite kva han er laga av? Og vil du at matarven skal gå vidare til nye generasjonar?

“Fjordamat” av Åse Kongsvik og Kari Støfring er kokeboka for alle med interesse for mat og matskikkar på Vestlandet. Boka byggjer på oppskrifter samla inn av Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag og inneheld over 340 tradisjonelle oppskrifter.

Boka kan du kjøpe hos Extra SogndalExtra Naustdal, Marked Balestrand, Marked Brekke, Marked Askvoll, Extra Førde og Extra Florø.