Du seier raspeball, me seier potetball eller ballj


Du seier raspeball, me seier potetball eller ballj

Raspeballar er ein kjær rett med mange namn. Nokon kjenner dei som klubb, aukar, raspekaker, kumler, komler, kudle, kompar og den grå juvel. Det dei har til felles er dei sentrale råvarene som potet, byggmjøl og/eller grynmjøl. Elles er det også variasjoner i samansetjing og kva ein et attåt. Kvar heim har sine favorittar når det kjem til tilbehøyr.

I boka “den grå juvel:av jord er den kommet”, skriv Kurt Eriksson at sørlendingane serverer diger kompe med dott, saman med smør og sukker som klassisk tilbehøyr. Rogalendingane har same tilbehøyr til si komle, men ingen dott. Vestlendingane serverer sin potetball/raspeball med kjøtt, pølser og kålrabi eller kålrabistappe, medan trønderane har ein forkjærleik for brunostsausen duppe til sin klubb/kløbb. Dette er nok ikkje langt i frå sanninga, men om ein går enno djupare til verks finn ein nok lokale variasjonar blant vestlendingane også.

Uansett korleis vi et den eller kva vi kaller den, så er den å rekne som eit festmåltid, servert som ein betre middag på søndagar eller på merkedagar som feitetysdag. I tillegg er det også blitt ein fast tradisjon på torsdagar som mange ser fram til.

Potetball frå Volda Fiskemat

Hege Skurtveit, dagleg leiar, er tredje generasjon som driv Volda Fiskemat.

I Volda og Ørsta, der lokalmatprodusent Volda Fiskemat held til, er potetball det mest brukte ordet for raspeball.  

– Me høyrer også nokre brukar ordet ”ballj”, fortel Hege Skurtveit, som er tredje generasjon som driv Volda Fiskemat.

Volda Fiskemat vart etablert av bestefar til Hege, Olav Bjørneset i 1942. Han var utdanna stuert og tok til å lage fiskekaker i ein privat kjellar under krigen. I dag held bedrifta til i nybygde lokaler i industriområdet Furene, midt mellom Volda og Ørsta. Som namnet røpar produserer dei ulike produkt av fisk: fiskeboller, fiskekaker, fiskepudding, fiskekarbonader og blandaball, i tillegg til den populære potetballen.

– Kvifor spesialiserte de dykk også på potetballen?

– Under produksjon av blandaball, som for ukjende lett kan forvekslast med potetball, kom det spørsmål frå ein besøkande kunde om det var potetball som vart produsert. Dette var heilt på slutten av 80-talet og spiren vart sådd. Om bedrifta kunne levere nylaga potetball kvar torsdag ville han gjerne kjøpe! Det meste av nødvendig produksjonsutstyr var allereie på plass, og det var stor interesse for å prøve, fortel Hege.

Utfordringa med å finne ein god nok resept var krevjande. Både smak, konsistens, tid, varmebehandling og råvarer var viktige faktorar. Og det er far til Hege, Ottar Bjørneset, som kom fram til resepten dei produserar i dag.

 

Laga av lokale råvarer

Volda potetball kjem med lettsalta kverna flesk i midten som gjer den ekstra smakfull og saftig. Den kjem både i vanleg og glutenfri variant for dei som ikkje toler gluten.

– Volda Potetball er særs kjent for sin gode smak og kvalitet. Rask førebuing, med smak av heimelaga kvalitet og lang haldbarheit. Vi har nær tilgang til dei beste lokale råvarene. Vi nemner Sunndalspotet, kverna lettsalta flesk frå Ole Ringdal AS og fyrsteklasses mjøl frå leiande norske leverandørar, seier Hege.

Det er lokalmatprodusent Ole Ringdal som distribuerer Volda Fiskemat sine raspeballar til Coop Vest, og det med god grunn. Som produsent av kortreiste kjøtvarer har han eit fantastisk utval av produkt som passar ypparleg saman med potetball: salta og røykte svineknokkar med kutt i beinet og gullvinnarane kokt Ringdalsmør og bacon i terningar som vann gull i NM i kjøttprodukt 2017.

OPPSKRIFT: POTETBALL SOM NESTEN LAGAR SEG SJØLV

Lokalmat-kampanje hos Coop Vest

Frå 12. til 24. februar er det kampanje på Volda Fiskemat sine potetballar, røykte og salta svineknokar med kutt i beinet, kokt Ringdalsmør og bacon i terningar frå Ole Ringdal i alle Coop Vest sine butikkar.  

Og om det ikkje er grunn nok i seg sjølv til å prøve Volda Fiskemat sin potetball, så har du åtte gode grunner her:

  • Enkel førebuing
  • Tradisjonsrett
  • Fest- og kvardagsmat
  • Stor og saftig kverna flesk i midten
  • Lang oppvarmingstid gir mørare ball
  • Kort oppvarmingstid gir fast ball
  • Kan steikast – også som restemat
  • Lang haldbarheit

Sjå kartet vårt her og finn din nærmaste Coop Vest-butikk.