Overrask mor med ein matskatt på morsdag


Overrask mor med ein matskatt på morsdag

No når det nærmer seg morsdag tenkjer du gjerne på kva du skal gje til mor. Kva med å gje ho ein matskatt frå Bakar Jon?

Du kan til dømes gi ei gåve som varmar: Økologisk te frå Høgt og Vilt i Devik. Den er laga av blomster og urter dyrka i Devik, ei lita grend i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane.

Komplimenter den gjerne med noko søtt attåt. Til dømes kortreist konfekt frå Lysefjorden Sjokolade eller lynghonning frå Søylands Biegard.

Server gåva på senga eller i godstolen!

Lokalmatgåver hos Bakar Jon

Bakar Jon på Byrkjelo er eit handverksbakeri, kafé og eit skattekammer med lokal mat og drikke frå 100 lokalmatprodusentar. Du finn dei flottaste lokalmatgåvene her. Ta turen innom om du er i nærleiken eller neste gang du er på vegen mellom Ålesund – Bergen.