Julegåvetips: Lokale smaksgåver frå Bakar Jon


Julegåvetips: Lokale smaksgåver frå Bakar Jon

Det er mange gode grunnar til å gi ei lokal smaksgåve til nokon du bryr deg om. Ikkje berre er den eineståande og god på smak, men den er også laga lokalt og er med på å skape arbeidsplassar og levebrød i distrikta. I tillegg er det også betre å gi nokon ei smaksoppleving heller enn ting ein ikkje treng. Bakar Jon på Byrkjelo har mange flotte tips til julegåver som passar både til venner og familie, og til den som er glad i noko søtt, salt eller handlaga.

 

Julegåvetips Bakar Jon. Smaksglede Coop Vest.

 

Kortreist sjokolade

Om du vil vere litt meir oppfinnsam i gåvevalet enn den vanlege konfekteska, så kan du overraske med kortreist sjokolade frå Lysefjorden Sjokolade, Geiranger Sjokolade eller Sognefjorden Sjokolade. Til jul har Bakar Jon fylt på med lokal sjokolade i mange herlege blandingar med lokale råvarer, sommarbær og norske særpreg som brunost og akevitt.  

 

 

Julegåvetips Bakar Jon. Smaksglede Coop Vest.

 

Kåreting – ureist handverk

Om du vil kombinere kortreist sjokolade med ureist handverk kan du legge sjokoladen i ei vakker handlaga skål som er laga av Bakar Jon sin nærmaste nabo Kåre. Ein anna god idé kan vere å fylle den opp med julekaker frå Bakar Jon sitt bakeri.

 

 

Julegåvetips Bakar Jon. Smaksglede Coop Vest.

 

Spekemat

Hos Bakar Jon finn du også mange ulike lokale variantar av spekemat som raudvin-, elg- og baconpølser frå Norgesmat på Nordfjordeid som kjem i gåvepakke med skjerefjøl. Bakar Jon har også spekepølse og fenalår av kje og geit frå Kandal Kjøtt og fenalår av villsau frå Solundmat som nyleg vann gull i nordisk meisterskap i mathandverk.

 

 

Julegåvetips Bakar Jon. Smaksglede Coop Vest.

 

 Gåvepakke frå Påldtun

Påldtun si bringebærsaft vart også nyleg heidra med gull under nordisk meisterskap i mathandverk og er finalist i “Det norske måltid”. Den er frisk og sommarleg på smak og ypparleg til graut og salt kjøtt. Den kjem i flott gåvepakke med to flasker til kr. 200.  Påldtun har også fine gåvepakker med søte gelear og syltetøy av rips og bringebær.  

 

Julegåvetips Bakar Jon. Smaksglede Coop Vest.

 

Gåvepakke frå Eikhaugen Gjestegard

Eikhaugen Gjestegard har også gåvepakker med utsøkte gelear av raudvin og rips, og sylta gresskar som gir måltida litt ekstra umami. Du kan også velje kva smakar du vil sette saman sjølv.

 

 

Julegåvetips Bakar Jon. Smaksglede Coop Vest.

 

Gåvepakke frå Høgt og Vilt

Om du kjenner nokon som er glad i te eller krydder har Høgt og Vilt flotte produkt laga av økologiske tørka urter og blomster frå Devik. Bakar Jon kan mellom anna anbefale juleteen deira som inneheld eplemynte, monardablomst og -blad, eplebitar, sitronmelisse, solbærblad og villbringebærblad. I butikken til Bakar Jon finn du også smakfulle gåvepakkar sette saman av Høgt og Vilt.

 

Lokalmatgåve sett saman av Bakar jon

Bakar Jon kan også hjelpe deg å setje saman ei lokalmatgåve med spennande smakar etter ditt ynskje. Du seier prisen, og dei sett saman gåva. Gåva kan du hente hos Bakar Jon på Byrkjelo.

 

Bestilling av gåver

For bestilling av gåver du kan hente i butikken til Bakar Jon ta kontakt på telefon 578 67 993 eller e-post bakar.jon@coop.no.