Norsk tradisjonsbrunsj

quality-florø-smaksglede-coopnordvest

Det finnast ei god årsak til å feire kvar dag heile året, og no når det er vår og sommaren nærmar seg, er det endå ein grunn til å kose seg ekstra godt. I denne artikkelen legg vi vekt på lokal mat og drikke som passar til ein god lunsj eller brunsj når du har gjestar. I dette høve har vi vore så heldig å få mykje gode tips i frå kjøkkensjef på Quality Hotel Florø, Kent Ole Strømsøy!

“Du treng ikkje nytte så mange råvarer, men du kan gjerne legge litt ekstra pengar i god kvalitet. Lokalmat er laga i mindre skala, og produsentane har lagt kjærleik igjen i produkta sine, som ein kjenner på på smak og tekstur.” seier Kent Ole. 

Kent Ole stelte i stand ein veldig flott brunsj til fem personar. Blant godsakene kan du finne potetsalat, ulike typar spekemat, tomatsalat, eggerøre, god lokal drikke, spekesild og røykelaks, marmelade og syltetøy, samt flatbrød og kjeks. Av produkt har vi nytta følgande: Ramsløksmarinert Svanøy Røykeri, potetsalat frå Generasjonsmat, kryddesildfilet frå Juvik Sild, flatbrød frå Håjen, egg frå Døskeland bruk, geitost frå Myrdal gard, spekeskinke frå Ringdal, villsau fenalår frå SolundMat, Alpepølse frå Ringdal , chorizopølse frå Vossakjøtt, lammebollar frå Haugen gardsmat, kjerull frå Kandal Kjøt, chilimarmelade frå Lutro in Vitro, rognebærgelé med eple frå Stolte Anton, eplejuice frå Balholm, bringebærboble frå Påldtun, perlande eple frå Haugsfrukt og tuttifruttikjeks frå Ferske Smakar. Produkta er å få i Coop Nordvest sine butikkar. Utvalet kan variere frå butikk til butikk.

Her kan du finne oppskrift for eggerøre og tomatsalsa, som er Kent Ole sine eigne! Desse gir frisk og god smak til dei flotte lokalprodukta. 

Her er det produsentane som har lagt ned det aller meste arbeidet. Råvarene er så gode at du ikkje treng å gjere meir ut av det, då dei snakkar for seg sjølv. 

Kent Ole har lagt opp og dandert maten, så her er det berre å ta til seg tips! Til pynt og topping har han nytta følgande råvarer: grasløk, ertespirer, cherrytomater, grønkål, raudløk, sylta raudløk, kruspersille og kjørvel.